Spenningskurset 2010 er no godt igang

Opninga måndag var i strålande sol.

Tysdag i lett snøvèr er aktivitetane godt i gang og alle er fornøgd.

Onsdag vart vi overraska med solskin. Det var litt nysnø opp på det harde underlaget. Etter lunch hadde vi Bjorli Open i aking.
Stor stemning på kveldsarrangementa med program og underhaldning før dansen.

Torsdag var det Bjorli Open der det var konkurranser i langrenn, kort og lang løype og alpint. Alle hadde startnr og fekk premie. Studentar og legsagere har vore entusiastiske heiagjeng med norske flagg og bjøller.

Fredag er det heimreise.

  • Appartementhotellet 61245300
  • Bjorligard hotel 61244400

SPENNINGSKURSET LIKE POPULÆRT SOM ALLTID

Vi har mykje å takke Extra - Helse- og rehabilitering for. Dei hadde trua på Spenningskurset og ga oss midlar til nytt utstyr under mottoet;

OPPLEVELSE BEVEGELSE INKLUDERING

Så takk for: hengar, logo, plakat, lavvuar, tauvverk, spader, meir sambandsutstyr, laptop, ++ mykje meire HJARTELEG TAKK !

 

 110 deltakarar

105 instruktørar frå Høgskulen i Volda, Møre Folkehøgskule, Stranda vidaregåande skule, Bachelorstudentar frå Høgskulen i Sogn og Fjordane og Åbo Akademi frå Finland har funnet tonen med sine deltakarar. 

Vi vil og ønskje hjelpemiddelfirmaene

Bardum AS og Quality Care velkomen

 Dei stiller med flott utstyr som DU kan få prøve ut der oppe på Bjorli. Dette er spanande saker og kanskje så morosamt at du ønskjer å anskaffe deg noko sjølv?

 

 

 VELKOMEN TIL BJORLI I VEKE 12, 2010

Frå måndag 22.mars - fredag 26.mars

Denne siste veka før påske skal vi atter ein gong samlast oppe på Bjorli til skiglede, kursing, rafting, urfordring - ja rett og slett :

OPPLEVELSE - BEVEGELSE - INKLUDERING

Vi beklager at ikke sida vår har vorte oppdatert før, men no er vi i gang!

Spenningskurset er for mange eit av høgdepunkta i året. Vi har deltakarar som har vore med i mange år og nye kjem til. Allereie er det mange som har kontakta oss og gleder seg til nye utfordringar.

Instruktørane er nye kvart år og etter gode førebuingar på skulane, møter dei spente og godt førebudde på å treffe dykk som er deltakarar. Dette er både spanande og utfordrande for både deg som deltakar og for studenten som skal være instruktør. 

I 2010 kan vi glede oss til å vere ilag med studentar, elevar og lærarar frå :

Studentar frå Høgskulen i Volda www.hivolda.no

Gjestestudentar frå Åbo i Finland

Elevar frå Møre Folkehøgskule www.more.fhs.no

Idrettselevar frå Stranda Vidaregåande skule www.stranda.vgs.no

 

 

Styringsgruppa for Spenningskurset er:

Faglege leiarar: Øyvind Hagen og Svein Arnesen, Høgskulen i Volda

Administrativ leiar: Mette Mjelve, Vestnes 

Teknisk leiar: Olav Aasen, Volda 

 

 

Målgruppe: Deltakarar med eit særskilt behov for tilpassa fysisk opplæring, barn, skuleungdom og andre som ynskjer ei opplevingsveke i vinterfjellet.

 

Kursstad: Bjorli Bjorli Apartementshotel, Bjorligard hotel og Bjorli Skisenter) ( www.bjorli.no ).

 

 

TIDSROM: 22.mars-26.mars 2010 (veke 12 som er veka før påske) 

 

PÅMELDING:

Ver merksam på at du berre kan melde deg på eitt av hovudkursa våre!

 

PÅMELDINGSFRISTEN: 1 februar 2010 

Ver tidleg ute med påmeldinga til Spenningskurset og sørg for at alle opplysingar er korrekte slik at Styringsgruppa får ei god oversikt. 


HUGS AT DU IKKJE ER PÅMELDT FØR KURSAVGIFTA ER BETALT:

Kursavgift: Kr. 1000,- pr. deltakar, skal sendast til:

Spenningskurset Bjorli

BANKKONTONR.: 3910 39 19359


REISE:

Deltakarane/hjelparane må sjølve ordne transport til/frå Bjorli.

 

OPPHALD:

Bjorli Appartement hotel: Leilegheiter og hytter (svømmebasseng)

  • Leilegheiter: 1 rom m/3 senger + 1 rom med sovesofa og kjøkkenkrok (bad) Plass til 4-5 personer  Kr.3080,-pr. leilegheit for (måndag - fredag)
  • Hytter: 1 soverom m/dobbeltseng + 1 soverom med dobbel køyeseng og ei ekstra seng. stue og kjøkken.  Plass til 5-6 personer Kr.3640,-pr hytte (måndag - fredag)
  • Leige av sengetøy (dynetrekk, putetrekk, laken, 1 stor og 1 liten handduk: kr 135,-

 

Bjorligard hotel: Leilegheiter (Velværeavdeling - spa + andre fasiliteter)

  • Lita leilegheit med plass til 2-3 personer: 1 rom m/to enkle senger + kjøkkenrom med ein enkel sovesofa: Kr. 750,- pr. døgn eller Kr. 3000,- (måndag - fredag)
  • Større leilegheit: 1 rom/to enkle senger + 1 rom m/ to enkle sender + kjøkken/stue m/ei enkel seng: Kr.1050,- pr døgn eller  Kr.4200,- (måndag - fredag)

MÅLTIDER:

Frukosten lagar du sjølv, men du kan sjølvsagt avtale med hotella om du ønskjer å kjøpe denne.

Middag kan du og lage på kjøkkenet ditt, men det er mange som likar å gå til dekka bord. Både Bjorli Appartement hotel og Bjorligard hotel gjev tilbod på dagens middag. Servert frå kl.1800. Men om pågangen er stor - kan det hende hotellet må lage til to bordsetningar.

  1.  
    • Måndag : kjøttrett 135,-
    • Tysdag : fisk 135,-
    • Onsdag : 135,- taco aften
    • Torsdag festaften med to eller flere varmretter samt kald mat, Kr. 255,-
    • BORN UNDER 14 ÅR HALV PRIS

 

OVERNATTING I STOR-LAVVO

Har du lyst på ei spanande utfordring er også mogleg å overnatte ei natt i stor-lavvoen. Pass då på at ein har med eigen sovepose (dette er sjølvsagt gratis, men ta med grillpølser gotteri og drikke). 


SKIKORT: 

Dei deltakarane som ynskjer å bruke skiheisa må dekkje kostnadane til skikort sjølve (dette gjeld også alpin-kursa). 


LEDSAGERBEVIS:

lurt å ta med deg ledsagerbevis, dersom dette vert påkrevd når du skal kjøpe det kort i skitrekket

 


Prosjektet hadde i 1993 ein litt trong fødsel, men med velvilje frå Høgskulen i Volda, Vestnes Kommune, Møre Folkehøgskule og ISF-Møre og Romsdal fekk ein prosjektet på konstruktive skinner. Gjennom dette tiåret har det difor vore mykje god dugnadsånd og nokre motbakkar, men aller mest entusiasme, trivsel, oppleving og glede.