AKTUELT

Spenningskurset 2017

Publisert: 01 Jan, 2017 oppdatert: 28 Mar, 2018

Ei kjekk og aktiv veke er over!

For 24. gong er Spenningskurset gjennomført. Med mange kjekke aktivitetar på dagtid, og med mykje sosialt på kveldstid.

 

Spenningskurset  arbeidar for at barn, unge, vaksne og eldre med ulike funksjonsnedsettingar og hjelpebehov i heile fylket skal få moglegheit til å kome seg ut på ski, nyte vinterfriluftslivet og spennande aktivitetar.

Spenningskurset er ein arena der deltakarane får nye relasjonar, spanande utfordringar og rikelege høve til å sprenge grenser, oppleve meistring og glede gjennom fysisk aktivitet i vinterlandskapet. Den populære veka Spenningskurset vart gjennomført på Bjorli i veke 14.

Det var i år påmeldt 69 deltakarar, frå heile fylket. Det er med om lag like mange ledsagarar frå heimkommunane. Og 44 studentar frå Høgskulen i Volda og 37 elevar frå Møre folkehøgskule var med som instruktørar.

Deltakarane hadde tilbod om å prøve hundespann,  raftingflåte, zip-line, ulike klatrestasjonar og aktivitetsløype. I tillegg var der tre ulike lavvo stasjonar med bål, grilling og tilrettelagt for ein rast.  Deltakarane deltek i ulike ski disiplinar som langrenn, alpint, telemark og snowboard, i tillegg har dei som vil mellom anna høve til å prøve pulk, sitski og anna spesialutstyr.

Den siste dagen er det Bjorli Open, då «konkurrerar» deltakarane i ulike disiplinar, som langrenn, aking og alpint. Til slutt er det premieutdeling med gullmedalje og diplom til alle saman.

Deltakarane, ledsagarar og instruktørane hadde ei aktiv og lærerik veke. Det var kun blide fjes som skein om kapp med sola på dagtid, og ein ivrig gjeng som deltok på underhaldning og dans på kveldstid.:)

Om du går heilt ned på sida, og trykker "KLIKK HER" kan du sjå fleire bilete og videoer frå veka.

 

Tusen takk til deltakarar, ledsagarar og instruktørar for ei strålande veke!!

 Vi sjåast i 2018, veke 15!! 

Siste nytt