Bakgrunn
Styret i Spenningskurset
Styreleiar: Svein Arnesen, Engesetvegen 32, 6100 Volda
Styremedlemmer: Eli-Karin Sjåstad-Åsebø frå Høgskulen i Volda, Bjørn-Inge Drabløs frå Møre og Romsdal Skikrets, Eirik Loftesnes Møre Folkehøgskule, Marte Melbø Friidresstådet i Møre og Romsdag og Svein Arnesen frå Grunnleggjarane
Dagleg Leiar for Spenningskurset er: May Britt Skjortnes
Bakgrunn for Spenningskurset
Prosjektet starta opp i 1993 basert på eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda, Vestnes Kommune, Møre Folkehøgskule og ISF-Møre og Romsdal. Gjennom dei siste åra har det vore mykje god dugnadsånd og nokre motbakkar, men aller mest entusiasme, trivsel, oppleving og glede.
Prosjektet kunne aldri hatt 27 samanhengande år utan den gode samhandlinga og lagspelet til alle som har vore med. Styringsgruppa vil difor takke alle deltakarane, hjelparane, instruktørane og støttespelarane som har vore med oss gjennom desse snart sytten åra, for godt samarbeid, positiv innstilling og velvilje.
I 2009 fekk Spenningskurset Kr.100.000,- i støtte frå Extra. Helse- og rehabilitering.Det var etter ein søknad som vi kalla "OPPLEVELSE - BEVEGELSE - INKLUDERING." Der vi søkte om støtte til innkjøp av utstyr. Vi er svært takksame for pengestøtta som ga oss moglegheit til å synleggjere www.spenningskurset.no med ny tilhengar med flott logo. Det er greit å ha eigen tilhengar til alt utstyret vi har skaffa oss. I tillegg vert vi synlege ute på vegen.
Vi er og svært takksame for at Møre og Romsdal Fylke ved kulturavdelinga frå 2009 vil vere med å støtte www.spenningskurset.no økonomisk. Vi takkar for Kr.100.000,- til støtte av drifta for 2009. I tillegg skal vi sakte med sikkert starte samarbeidet med andre instansar i Fylkesadministrasjonen. Dette for å synleggjere barn og unge og andre i Møre og Romsdal, som har eit ekstra behov for ressursar som kan tilretteleggje - kvardagen - fritida med ulike aktivitetar.'
Dette har gitt resultat!
Frå 2012 kom Spenningskurset inn på "FASTE ØYREMERKA MIDLAR" som vil seie at vi får kr. 100000,- til drifta frå Møre og Romsdal Fylke. Det er vi svært takksame for.
Tradisjonen tru blir "Spenningskurset " ei opplevingsveke med eit spekter av aktivitetar. Det vakre fjellandskapet på Bjorli er som skapt for variert friluftsliv og skiaktivitetar, med langstrakte dalar og skogkledde lier, flotte turløyper og utfordrande bakkar. Her er det rom for rekreasjon med rolege turar i skog og mark, leik og moro i skibakken og fart og spenning i snøraftinga.
Siste åra har det vor snart 400 deltakarar, hjelparar og instruktørar som har tatt del på Bjorli den veka. Instruktørane er studentar frå Høgskulen i Volda, med god hjelp frå elevar ved Møre Folkehøgskule og studentar frå Akademiet i Åbo.
Sidan starten i 1993 har målsettinga med dette prosjektet vore å gi deltakarane ei triveleg kursveke med aktivitetar tilpassa deira ulike føresetnadar. Tilpassa opplæring, likeverd og inkludering er grunnpilarane i prosjektet.
Kursveka har som siktemål å gi deltakarane ei opplevingsrik og triveleg kursveke, og prøve å stimulere til auka motivasjon for det å vere i fysisk aktivitet.
Dette vil bli gjort gjennom ei rekkje aktivitetar som spenningsorientert friluftsliv, skikurs, turar i skog og mark, leik, dans, hundespann og natursti.
Forsking og røynsle har synt at det å oppleve og meistre slike aktivitetar, har ein positiv effekt på både fysiske- og mentale eigenskapar hjå både funksjonsfriske og funksjonshemma born, ungdom og vaksne. Difor ynskjer vi velkomen til alle deltakarar med særskilt behov for tilpassa opplæring, skuleungdom, samt andre som ynskjer å ta del under Spenningskurset. Vi kan love at det vil bli overraskingar, underhaldningsbidrag og nye aktivitetar.
Arrangørane vil med dette få ynskje alle saman hjarteleg velkomen til Spenningskurset som ein vonar skal bli "ein smak av det gode liv", med fysisk aktivitet, utfordringar, "sug i magen" og trivsel i vinterfjellet.