Spenningskurset 2026

Invitasjon til Spenningskurset - fristen for påmelding er ute.

 

Vi ynskjer velkommen til Spenningskurset på Bjorli 24.-27. mars 2026

 

Foreininga Spenningskurset er ein tverrfagleg interesseorganisasjon som gir eit kultur- og

idrettstilbod til barn, unge, vaksne og eldre med funksjonsnedsettingar og ulike hjelpebehov. Deltakarane kjem ilag med ledsagarar/føresette.

Spenningskurset har sidan 1993 arrangert ei aktivitetsveke på Bjorli for denne

målgruppa. Med  tilpassa tilbod om ski, aking, klatring, hundekøyring og  andre uteaktivitetar, er

dette ei opplevingsrik veke. Om kvelden er det sosialt med program og dans.

Her kan du sjå litt frå kor kjekt det er på Spenningskurset 

 

Basen er på Bjorliheimen Hotell. Dei som bur der har full kost. Du kan og velje å bu privat, ynskjer du då å delta i nokon av middagane – må dette bestillast.  Vi vil og i år køyre "Shuttlebuss" mellom hotellet og skiarenaen.

Vi opnar påmeldinga 5.januar,link til påmelding vil ligge på heimesida

Det er begrensa antall plassar – og førstemann til mølla gjeld.

Stad:                                                                        Bjorliheimen Hotell

Tidspunkt:                                                             24.-27. mars 2026

Deltakaravgift:                                                       1300,-

Påmeldinga via heimesida frå:                          10. januar 2026

Påmeldingsfrist:                                                   15. februar

NB! Deltakaravgifta betalar de inn til Spenningskurset, konto  3910 39 19359 ved påmelding. (ledsagarar betalar ikkje denne avgifta)

 

 

Overnatting og kost (kjem i tillegg til deltakaravgifta, dette betalar de til hotellet ved avreise):

  • Dei fleste romma er dobbeltrom, pluss nokre  3 sengs rom . Her blir det førstemann til mølla.
  • Prisen er pr. person pr. døgn, 1 sett sengetøy-2 handdukar og vask ved avreise er inkludert.
  • Alle prisane som er oppgitt er med full pensjon(frukost, niste til lunsj og middag)
  • 3-sengers rom         kr. 725,-   per døgn/per person
  • Dobbeltrom            kr. 745,-   per døgn/per person
  • Singelrom                kr. 990,-   per døgn/per person
  • Hytter(Frå 4 til 9 senger)  Ta kontakt om dette er aktuelt
  • Det er veldig viktig at de ved påmelding bestiller til rett antall, deltakarar og ledsagarar. 

 

Kurs og aktivitet på dagtid: 

Uansett kva aktivitetsgrein du vel, får du ver med på dei ulike spenningsorienterte aktivitetane vi har. Som snørafting, hundespann, balanseline, klatring, aktivitetsløype, aking osv.

Intensjonane ved prosjektet er at både deltakarar og hjelparar skal kunne nytte mange av aktivitetane i sine heimkommunar i etterkant av kursa, difor ønskjer vi at hjelparane tek del ute i lag med sine deltakarar under kursaktivitetane.

Dei ulike kursgruppene vil vere små med 2-3 deltakarar pr. instruktør. Hugs å ta med godt med klede, tursekk, skiutstyr og evt. pulk. Vi vonar kurstilbodet vi tilbyr er tilfredsstillande og at alle finn noko som passar deira behov.

 

Når du melder deg på kan du velge mellom:

Kurs 1. Alpint – telemark

Dette er for dei som likar å stå på slalåmski og køyre i skitrekket. Vi delar inn gruppene etter kva røynsle og dugleik du har frå før, slik at du får best utbytte av kurset. Tryggleiken står i sentrum, og alle må bruke hjelm i alpinbakken. Kyndige instruktørar vil gi deg god instruksjon og oppfølging under heile kurset. Alle startar i barnetrekket, dei som etter kvart ynskjer å renne i storbakkane – må ha ledsagarbevis til instruktørane. 

Kurs 2. Sitski

Her melder du deg på om du har med eigen sitski. Kyndige instruktørar vil køyre sitskien og gi oppfølging under heile kurset. 

Kurs 3. Langrenn

Dette er for dei som likar å gå på langrenn og som vil ha meir fokus på teknikk. Vi delar inn gruppene etter kva røynsle og dugleik du har frå før, slik at du får best utbytte av kurset. Kyndige instruktørar vil gi deg god instruksjon og oppfølging under heile kurset. Når du melder deg på vel du mellom langrenn og langrenn lengre turar.

Kurs 3. På tur utan ski

Dette er for deg som av ulike årsaker ikkje kan gå på ski. Her vil du få høve til å ha med deg tolmodige og positive instruktørar, som tek deg med på vitjing av lavvo-leir, bål, song og leik. Dersom du vil kan du ta del på dei spenningsorienterte aktivitetane våre som t.d. hundespann, snørafting osv.

Kurs 4. Pulk

Dette er for deg som er avhengig av pulk(den må du ha med sjølv). Her vil instruktørane ta deg med rundt om i løypene, og besøke dei ulike stasjonane.

 

Aktivitetar under veka:

Desse er tilgjenglege heile veka, og ein skal ikkje melde seg på. Men er innom der ein ynskje som avbrekk frå alpint og langrenn.

 A. Snørafting

Under denne aktiviteten går det full fart nedover bakkar i store raftingflåter. Dette er både spennande og utfordrande, og gir dei fleste litt ”sug i magen”. Tryggleiken står i sentrum så alle må ha på seg hjelm og følgje instruksjonar frå instruktørane.

 B. Balanseline

Her får du prøve å balansere på ei tynn line over bakken med god sikring. Tryggleiken står i sentrum så alle må ha på seg klatresele og hjelm, samt følgje instruksjonar frå instruktørane.

 D. Natursti / hinderløype

I skog og mark får du her utfordringar og oppgåver som krev både konsentrasjon og innsats. Du blir utfordra både i fysiske aktivitetar (m.a. trugeløp) og på oppgåver som er knytt til kunnskap om naturen. Samarbeid, innsats og fysisk aktivitet står i sentrum under denne aktiviteten.

E. Hundespann

Hundespann må opplevast for å skjøne kor flott det er. På dette kurset får du høve til å suse av garde med velvaksne og kraftige trekkhundar. Garantert eit minne for livet!

F. Lavvoleir

Vi har to lavvoleirar, der bål og kos er i fokus. Her kan de sette dykk ned og ta ein pust i bakken. Mogleg det og vankar litt godsaker laga på bålet.

G. Zipline

Her får du på sele, og får kjenne det bruser i magen når du «renn» ned vajeren.

 

 

 

Vi samarbeider med Stikk UT!

Fram mot Spenningskurset oppfordrar vi til å ver aktiv, er du med på "Stikk UT! med Spenningskurset"- kan du vinne fine premiar, dei blir utdelt på Bjorli.


          

 

Program for Spenningskurset 2026 

Endringar kan forekome

TYSDAG 24. MARS

Kl. 11.00-14.00: Registrering/innkvartering på Bjorliheimen Fjellhotell

Kl. 15.00-16.30: Opning av Spenningskurset 2026,  fellesarrangement ved stor- lavvo(skitrekket). "Bli-kjent"-aktivitetar, song, leik, dans, m.m.

Kl. 18.00: Middag på Bjorliheimen Fjellhotell 

Kl. 20.00-2100: Underhaldningskveld v/instruktørane

 

ONSDAG 25. mars

Kl. 08.30-10.00: Frukost/klargjering av utstyr. Ver godt førebudd!

Kl. 10.30-12.30: Aktivitetar

Kl. 12.30-13.15: Lunsj. Vi prøver så langt det er mogeleg å ta lunsjen ute i lavvoleiren, i bakken eller i skog og mark. Det blir høve til grilling, men hugs å ta med eigen matpakke.

Kl. 13.15-15.30: Aktivitetar

Kl. 18.00: Middag på Bjorliheimen Fjellhotell

Kl. 20.00-21.00:Underhaldningskveld v/instruktørane

 

 

TORSDAG 26. mars

Kl. 08.30-10.00: Frukost/klargjering av utstyr.

Kl. 10.30-12.30: Aktivitetar

Kl. 12.30 - 13.15 Lunsj

Kl. 13.15-16.30  BJORLI OPEN 2026.  Ulike   aktivitetar, konkuranser, TRUGER, LANGRENN, AKING, ALPINT!

Kl. 18.00: Middag på Bjorliheimen Fjellhotell

Kl. 20.00-21.00:Underhaldningskveld - karneval

 

FREDAG 27. mars

Kl. 09.00: Frukost/pakking/rydding/avreise

Takk for denne gongen og velkomen attende!

 

Takk for denne gongen og velkomen attende!

 

 Kontaktperson: May Britt Skjortnes, 40847734,