Kurstilbod og AKTIVITETAR
Kurs og aktivitet på dagtid:
Uansett kva aktivitetsgrein du vel, får du ver med på dei ulike spenningsorienterte aktivitetane vi har. Som snørafting, hundespann, balanseline, klatring, aktivitetsløype, aking osv.
Intensjonane ved prosjektet er at både deltakarar og hjelparar skal kunne nytte mange av aktivitetane i sine heimkommunar i etterkant av kursa, difor ønskjer vi at hjelparane tek del ute i lag med sine deltakarar under kursaktivitetane.
Dei ulike kursgruppene vil vere små med 2-3 deltakarar pr. instruktør. Hugs å ta med godt med klede, tursekk, skiutstyr og evt. pulk. Vi vonar kurstilbodet vi tilbyr er tilfredsstillande og at alle finn noko som passar deira behov.
Når du melder deg på, vel du mellom:
Kurs 1. Alpint
Dette kurset er for dei som likar å stå på slalåmski og køyre i skitrekket. Vi delar inn gruppene etter kva røynsle og dugleik du har frå før, slik at du får best utbytte av kurset. Tryggleiken står i sentrum, og alle må bruke hjelm i alpinbakken. Kyndige instruktørar vil gi deg god instruksjon og oppfølging under heile kurset. Alle startar i barnetrekket, dei som etter kvart ynskjer å renne i storbakkane – må ha ledsagarbevis til instruktørane.
Kurs 2. Sitski
Her melder du deg på om du har med eigen sitski.
Kurs 3. Langrenn
Dette kurset er for dei som likar å gå på langrenn og som vil ha meir fokus på teknikk. Vi delar inn gruppene etter kva røynsle og dugleik du har frå før, slik at du får best utbytte av kurset. Kyndige instruktørar vil gi deg god instruksjon og oppfølging under heile kurset. Når du melder deg på vel du mellom langrenn og langrenn lengre turar.
Kurs 3. På tur utan ski
Dette kurset er for deg som av ulike årsaker ikkje kan gå på ski. Her vil du få høve til å ha med deg tolmodige og positive instruktørar, som tek deg med på vitjing av lavvo-leir, bål, song og leik. Dersom du vil kan du ta del på dei spenningsorienterte kursa våre som t.d. hundespann, snørafting osv.
Kurs 4. Pulk
Dette er kurset for deg som er avhengig av pulk(den må du ha med sjølv). Her vil instruktørane ta deg med rundt om i løypene, og besøke dei ulike stasjonane.
Aktivitetar under veka:
Desse er tilgjenglege heile veka, og ein skal ikkje melde seg på. Men er innom der ein ynskje som avbrekk frå alpint og langrenn.
A. Snørafting
Under denne aktiviteten går det full fart nedover bakkar i store raftingflåter. Dette er både spennande og utfordrande, og gir dei fleste litt ”sug i magen”. Tryggleiken står i sentrum så alle må ha på seg hjelm og følgje instruksjonar frå instruktørane.
B. Balanseline
Her får du prøve å balansere på ei tynn line over bakken med god sikring. Tryggleiken står i sentrum så alle må ha på seg klatresele og hjelm, samt følgje instruksjonar frå instruktørane.
D. Natursti / hinderløype
I skog og mark får du her utfordringar og oppgåver som krev både konsentrasjon og innsats. Du blir utfordra både i fysiske aktivitetar (m.a. trugeløp) og på oppgåver som er knytt til kunnskap om naturen. Samarbeid, innsats og fysisk aktivitet står i sentrum under denne aktiviteten.
E. Hundespann
Hundespann må opplevast for å skjøne kor flott det er. På dette kurset får du høve til å suse av garde med velvaksne og kraftige trekkhundar. Garantert eit minne for livet!
F. Lavvoleir
Vi har to lavvoleirar, der bål og kos er i fokus. Her kan de sette dykk ned og ta ein pust i bakken.
G. Zipline
Her får du på sele, og får kjenne det bruser i magen når du «renn» ned vajeren.