Opplevingar
VI VONAR AT SPENNINGSKURSET SKAL VERE EIN ARENA DER DU SOM DELTAKAR SKAL UTFORDRE DEG SJØLV OG SPRENGE GRENSER.
Uansett kva aktivitetsgrein du vel, får du ver med på dei ulike spenningsorienterte aktivitetane vi har. Som snørafting, hundespann, balanseline, klatring, aktivitetsløype, aking osv.
Intensjonane ved prosjektet er at både deltakarar og hjelparar skal kunne nytte mange av aktivitetane i sine heimkommunar i etterkant av kursa, difor ønskjer vi at hjelparane tek del ute i lag med sine deltakarar under kursaktivitetane.
Dei ulike kursgruppene vil vere små med 2-3 deltakarar pr. instruktør. Hugs å ta med godt med klede, tursekk, skiutstyr og evt. pulk. Vi vonar kurstilbodet vi tilbyr er tilfredsstillande og at alle finn noko som passar deira behov.
Balanseline: balansere på ei slakk line.
Klatring: Vi spenner opp klatrenett, så her får du utfordre deg.
Snørafting: ei oppleving å suse avgarde i dei store flåtane saman med mange andre, gong etter gong.
Hundespannet: la deg bli dradd av fleire hundar.
Lavvoleir: Ver med på kos rundt bålet.
Danse, synge, leike: om kveldane samlast vi til underhalding og dans.
Morgontrim: vi beveger oss til musikk, og får igang kroppen.